Klubbavikjo Sameige

Værvarsel for Valen

Sidevisninger

free counters

Klubbavikjo.

 

Innleiing.

Historia om Klubbavikjo og aktivitetane på staden kan delast i to. Den nyare tida då det vart etablert ein møbelfabrikk i vika, seinare eit mekanisk verkstad og då bustadprosjektet vart  etablert på den vakre tomten ved Høylandssundet. Den eldre historia er tida då det vert drevi med landbruk og bygging av båtar i tre.

 

I Klubbavikjo har det vore mange, og viktige arbeidsplassar. Om ein ser bort frå dei offentlege arbeidsplassane knytt til Valen Sjukehus, så er det dei ulike verksemdene i Klubbavikjo som har hatt mest folk i arbeid på Valen.

 

 Det er gjeve ut fleire bøker om Valebygda. Kvinnheradsoga, bind 5 som omhandlar gamle Fjelberg herad er, trass sine mange feil, den viktigaste. Sjur Tjelmeland har gjeve ut ei eiga bok om Valen Sjukehus som kom ut i samband med 100. år jubileet i 2010. Valen Vel gav i 1995 ut heftet; ”Gamle bilder frå Valen krins. Teigen – Valen – Handeland”. Valestiftinga har dessutan ei eiga heimeside der det er lagt ut mange bilete og bygda si historie.

Sjå: valestiftinga.no

 

Så til Klubbavikjo:

 

NYARE TID.

Sameige Klubbavikjo gnr. 186 bnr. 53.

Det fyrste møtet i Sameige Klubbavikjo vart gjennomført i april 2008 i bygdehuset på Valen. Då var det fyrste byggesteget; blokk A og B, teken i bruk. Njål Tvedt vart valt til fyrste leiar, noko han kombinerte med å vera dagleg leiar i utbyggingsselskapet; Klubbavikjo Eigedom AS. Med seg i styret hadde han; Bernt Hjelmeland, Svein Einan, Solveig Sandberg Bjørk og Finn Guddal.  Etter eitt år gjekk Tvedt ut av styret, og Bernt Hjelmeland tok over som leiar.

 

Bustadbygging.

Våren 2004  bestemte eigarane av tomta i Klubbavikjo; Kvinnherad Sveis & Montering AS, seinare Vikefjell AS, å avvikle den mekaniske verksemda som hadde føregått frå 1978 og fram til dette. Den siste eigaren; Gunnar Ramsøy hadde i 2003 overlate til dottera Signe Ekeland Valvatne å leia selskapet, som same året vart lyst ut for sal. Saman med Annemor Ekeland og Kjell Rein, kjøpte Signe selskapet. Saman bestemte dei seg for å selje ut verkstadbygg og utstyr, å satse på bustadbygging med båthamn og store uteområde. Vikefjell AS hadde fleire interessentar som ville være med på utbygginga på den attraktive tomta, men valet fall på Eikeland & Grønningen AS, med adresse Husnes.

 

Det var Brede Grønningen og Hans Petter Eikeland som stod bak dette selskapet. Dei to partane etablerte så før årsskifte 2004 den nye selskapet som fekk namnet; Klubbavikjo Eigedom AS med kvar sine 50% eigardel. Annemor Ekeland vart tilsett som dagleg leiar frå starten av og fram til juli 2007. Vikefjell AS selte seg ut av selskapet ved årsskifte 2006/07. Etter ei tid  kom Geir Nordahl-Pedersen inn på eigarsida.

 

Selskapet hadde kontakt med fleire arkitektkontor for å finne gode løysinga på korleis utbygginga best kunne gjerast for å ta omsyn til natur og kulturlandskap, men samstundes utnytta potensiale som låg i tomta. Valet fall på Link AS, seinare Link Signatur AS, med adresse Stord.

Utbyggingsprosjektet møtte berre godvilje i Kvinnherad kommune, og omreguleringa og vedtak vart gjort på rekordtid. Ved årsskifte 2006/07 var entreprenørselskapet W. Engelsen AS, Stord  i gang med utbygginga. Fyrste og andre byggesteg vart fullført hausten 2008. Det ligg føre planar om eit tredje byggesteg. Ni naust stod ferdig utbygd våren 2010.

 

1978 – 2004 Kvinnherad Sveis & Montering AS

Kvinnherad Sveis AS vart etablert i 1970 og tok frå starten på seg ulike monteringsoppdrag for skipsbyggingsindustrien og smelteverk på Vestlandet. Eigarar av verksemda var Gunnar Ramsøy og Annemor Ekeland. Verksemda kjøpte den gamle møbelfabrikken i Klubbavikjo i 1978. Berre få år etter dette bygde selskapet ein større verkstadhall og utvida etterkvar arealet monarleg. Det vart bygd ny stor kai, og vegen opp til riksvegne vart utvida og asfaltert. Verksemda hadde på det meste 40. tilsette. I tillegg til montasjeoppdrag, produserte verksemda ordreoppdrag i stål og aluminium til ulike kundegrupper. Verksemda hadde store leveransar til anlegget på Kårstø, Mongstad, Sture, Odda, Tyssedal og Søral. Selskapet hadde og oppdrag til selskap innan undervassteknologien. Dei siste åra produserte verksemda store havgåande oppdrettsanlegg av eigen design.

 

 

1955 – 1978 Herskedal Fabrikker AS.

Brødrene Herskedal, som kom frå Bergen, overtok møbelfabrikken ”Nordbo” på Sandvoll  og dreiv der fram til 1952 då verkstaden vart råka av brann. Etter dette kjøpte dei ei større sjøtomt av Johannes Teigen som då eigde i Klubbavikjo. Nytt fabrikkbygg i mur vart teken i bruk i 1955. Her vart det produsert senger, nattbord, kommodar, veggseksjonar og anna møbelproduksjon. Harald let seg kjøpa ut, og starta eigen møbelbutikk på Valen. Denne vart seinare vart flytta til nybygg på Husnes. Sonen Einar overtok butikken etter at faren døde. Trygve selte seg ut nokre år seinare, og leigde seg inn i lokalet til Harald i Valen sentrum. Saman med kona Nina starta dei opp med ein manufakturbutikk. Seinare dreiv han med møbeltapetsering. Sigurd, den eldste av brødrane, hald fram på fabrikken til dess sonen Terje overtok.  Dei siste åra produserte dei også møblar til skipsbyggingsindustrien. Selskapet måtte avslutta drifta i 1978 i og Kvinnherad Sveis & Montering AS overtok same året.

 

ELDRE TID.

1946 – 2004 Johannes og Ester Teigen.

Johannes Teigen overtok eigedomen etter far sin Ola. Johannes dreiv sitt eige snikkerfirma med fleire tilsette, og hadde mange oppdrag i kommunen. Han var dessutan flikt til å teikna hus og påbygg. Ester Teigen selde seinare den resterande eigedom Berglid 186/9 til kommunen i 1998 og som leigde denne ut til Kvinnherad Sveis AS. Frank Saue kjøpte hovud huset med arealet ikring.  

 

1946 - Ola Teigen og sonen Johannes.

Ola og Johannes kjøpte eigedomen av Johan Evandt og hustru Anna og fekk skøyte på eigedomen 01.sept. 1946. Ola og sønene hans hadde eit lite båtbyggjeri på eigedomen, slik det var i mange viker og vågar på den tida. Me veit lite om kor mange fartøy som vart bygd og kor lenge dei haldt fram med dette. Truleg på gjekk dette fram til dei selde til Herskedalsbrødrene.

 

1926 – 1940 Severin Rimmereide.

Av tinglysingsdokument kan ein lese at Severin Rimmereide den 3. august 1926 får skøyte på det som då vert bnr. 9 av Lars Amundsen. Om lag 1/3 del vart skilt ut frå hovudbruket til Lars. Dette skjer kort tid etter at Lars hadde overdrege og skøyta hovudbruket på sonen sin Leif Larsson Sunseth. Leif busette seg i Sør Afrika og etter mange år overtek broren Amund Amundsen dette bruket. Familien Rimmereide hadde arbeidet sitt på Valen Sjukehus.

 

1940 – 1946 Johan Evant.

John Evant kjøpte eigedomen i 1940 frå Severin Rimmereid og fekk skøyte på den 25. oktober 1940. Truleg livnærte også han seg med arbeid på Valen Sjukehus.

 

1920 – 1926 Lars Amundsen Grimsdal.

Lars Amundsen Grimsdal kjøpte eigedomen bnr.8 av Ivar Torsteinson Eikeland og fekk eigedomen skjøtt på seg den 15. desember 1919. Eigedomen fekk namnet; Sundseth. Dette fordi han truleg var inspirert av at han hadde vore i Amerika. Lars, som seinare berre kalla seg Amundsen, hadde eit fartøy som han brukte til å frakte varer og tenester. Dette i tillegg til å driva garden Sundseth. Lars Amundsen hadde førtøyningrett i Klubbavikjo fram til 1922 då han makebytta denne retten  med Johannes Teigen. Til denne tida hadde dei felles veg mot riksvegen. Johannes bygde så ny veg gjennom tunet sitt.

 

1912 – 1920. Ivar Torsteinson Eikeland.

Ivar T Eikeland fekk skøyte på garden 23. april 1912. Seljar var Jens Olai Anfinsen Eikeland.

 

Jens Olai Anfinsen Eikeland.

Jens Olai Anfinsen Eikeland er den siste me tek med i oppramsinga over eigarar av garden som Klubbavikjo er skilt ut frå.

 

Informasjonen er henta frå Statsarkivet og lokalkunnskap.

 

Mai 2010.

A.Ekeland.

Oversett / Translate


Kontaktinfo

Postadresse
Klubbavikjo sameige
Klubbavikjo,32 a
5451 Valen

E-post

Søk på siden

Ikon Søk