Vi har satsa tungt på trommegruppa. Dei stilte opp på Ungdommens Kulturmønstring, UKM og gjekk vidare til fylkesmønstringa. Det er heller sjeldan at korps er representert på UKM. Men det gjorde i alle fall Sørumsand, og dei kom vidare.
Sjå og høyr dei på You Tube. Den viser eit av nummera trommegruppa spelte på UKM og som skal spelast igjen i fylkesmønstringa.
Kult å spele i korps
- Utrolig artig, sier korpsleder Mona Mangen. Ho og nestleiar og lærar Karin Langvatn-Elstad har stått saman om å få borna til å bli begeistra. I Sørumsand er det rett og slett blitt kult å spele i korps.
Leik med musikk
Noko av forklaringa med suksessen er musikkgruppa “Leik med musikk”. Alle 2.klassingar på Sørumsand skule får vere med å spele på rytmeinstrument, synge og bli glad i musikk.
- Det skjer på dagtid i SFO-tida. Dermed får alle vere med og terskelen for å vere med vidare i korpset er langt lågare enn utan dette tilbodet, seier Karin Langvatn-Elstad.
Alle involvert
I musikkorpset er borna aspirantar frå 3.klasse, men i Sørumsand har dei laga ein vri. Når korpset opptrer, er alle med – også 2.klassingane. I ein god miks er alle samla om konserten. 2.klassingane er gjerne med og syng sangane som korpset spelar, seier Karin.
Vekstproblem
Trass i god oppslutnad og glede over at korpset auka medlemsmassen, merkar dei to eldsjelene at det tærer på kreftene. Alt til våren står 30 nye 2.klassingar klare til å bli aspirantar.
- Då trengst det både fleire instrument, meir inntekter og nok instruktørar. Ja, rett og slett fleire vaksne, seier Langvatn-Elstad. Ho ser ein fare i å bli utbrent.
Nysgjerringe på opplegget
Andre skulekorps i området har vist interesse. Ein dag vekk Langvatn-Elstad telefon frå Røyken skulemusikk med spørsmål om “oppskrifta”. No har også dei starta med “Leik med musikk” i skulen.
Sosialt korps
Om det er trommegruppa på 13-15 ungdomar som er spesiell eller musikkleik i tidleg alder, er vanskeleg å svare på.
- Det er nok ein kombinasjon, seier Karin. Ho vurderer om alle bør stille opp på fylkesmønstringa for å heie dei fram på UKM.
- I vårt korps er det ikkje snakk om å bli verdensmeister men å ha det artig og sosialt i lag.
Og rekrutteringa til trommegruppa er god.
- Der er det allereie venteliste, avsluttar Langvatn-Elstad.


