Kort historikk
Hausten 2002 var fyrste året denne turneringa vart arrangert. Da hadde vi nytt baneanlegg, og erfaring med turneringsgjennomføring frå Veterancupen. I 2002 deltok 26 lag. Brann, HamKam, Sogndal og Stabæk var dei mest kjende laga som deltok. Desse, saman med andre lag har vitja turneringa dei påfølgande åra. Turneringa har sidan 2003 teke imot omlag 50 lag. I 2007 har vi ny kunstgrasbane som set oss i stand til å ha lengre kampar, og litt fleire lag. Lærdal ligg ca. 3 timar frå Bergen, og ca. 4 timar frå Oslo. Lokalisert midt mellom desse byane, med mange fotbalklubbar innan rimeleg køyreavstand, prøver vi å gjere LÆRDALSTURNERINGA til ein møtestad mellom aust og vest.